Påmelding til leiarmøte i Vestland Bondelag 2024
Lokallagsleiarane er kalla inn på leiarmøte i Vestland Bondelag torsdag den 7. og fredag den 8. november på Voss. Vi gler oss til å samle organisasjonen til fagleg påfyll og sosialt samvær.
Leikanger Bondelag haldt årsmøte tysdag 15.oktober i Villmarka. I Villmarka vart ein møtt av eit vell av sanseinntrykk frå det kalde Sibir til dei varme, langstrekte savannar i Afrika.
Sjiraffane heldt vakt ved døra og elefanten løfta støttennene og snabelen til ei høgtideleg helsing frå heidersplassen på galleriet i Villmarka. Med dette var stemninga satt for eit triveleg og konstruktivt møte når Leikanger Bondelag kalte medlemane inn til årsmøte i Villmarka på Hermansverk 15. oktober kl 19.
Laila Njøs Eikeland, leiar i laget, opna møtet og vart vald til å halde fram som møteleiar. Fem av 23 medlemmar møtte opp, med fylkestyret sin utsending var vi to kvinner og fire karar. Ved møtestart fekk vi servert god kaffi og nydeleg pizza.
Leikanger Bondelag ønskjer å vera meir aktiv og har tankar om deltaking på fruktbare dagar. Dei har jobba ein del med å få til eit sosialt arrangement for medlemmar og bygda elles, som ikkje er heilt landa enno.
Laget er elles aktive med verving og to nye medlemmar har kome til i løpet av året. Rekneskapen syner at laget har solid økonomi, eit godt utgangspunkt for å få gjennomført planane om meir aktivitet.
Gry Agjeld, fylkesleiar, var utsending frå fylkesstyret, og er imponert over eit lag som har funne ny giv og ny kurs på eiga hand, etter at tidlegare jobbing mot samanslåing med andre lokale lag ikkje viste seg å vera den beste løysinga framover. Laget arbeidar likevel godt saman med dei andre laga i kommunen som er Balestrand, Sogndal og Fjærland Bondelag. No seinast med innspel til arealplanen i kommunen. Dette er ei pågåande sak der ny arealplan framleis ikkje er politisk vedteke, og det framleis er særs viktig at bøndene engasjerer seg. Fylkesleiaren minna om Ny Bonde-samling i Norheimsund, og utfordra laget på om dei kjenner til nye bønder som kunne ha utbytte av å reise på kurs. Ein rask runde rundt bordet avdekte at her var det mange aktuelle namn, og dette ville laget ta tak i.
Sauebonden Laila Njøs Eikeland er svært glad for at leiarmøtet til Vestland Bondelag no er flytta fram til byrjinga av november.
Det høver mykje betre for oss som skal til med paring frå midten av månaden. No er det enklare for meg å vera med.
Laila Njøs Eikeland, leiar i Leikanger Bondelag.
Laila Njøs Eikeland vart vald på ny som leiar, og får med seg heile det sitande styret som er samansett slik: Jo Vikøren - nestleiar, John Gjerløv - kasserar, Bjørn Sølsnes - skrivar og Ingvill Njøs -styremedlem. Valnemda er Per Steinar Melås, Nils Ingar Nygard og Ole Simen Nesdal.