Saman med nestleiar Jo Risløw og kasserar Per Olav Langeland Tistel hadde Turid Vange tidlegare i haust møte med ordførar  Roy Egil Stadheim og varaordførar Marta Sofie Vange i kommunen.  Tema i diskusjonane var rundballeplast, utviklinga i mjølkeleveransen frå kommunen og bruk og prioritering av overskotsmassar.    - Det var eit godt møte, og me har også hatt ein god dialog i etterkant av møtet seier Vange.

Frå venstre Jo Risløw, ordførar  Roy Egil Stadheim, varaordførar Marta Sofie Vange og Per Olav Langeland Tistel.

I haust gjennomførte lokallaget også ein koronavenleg medlemsaktivitet utandørs, der medlemene fekk sjå demonstrasjon av fjernstyrt krattknusar/beitepussar.  Det vart ein god diskusjon med mange spørsmål.  Veret var flott, så dette vart eit hyggeleg og uformelt møte før fjøstid avsluttar leiar i Vik Bondelag Turid Haga Vange.   

Før korona la ein dempar på aktiviteten sist vår, klarte også lokallaget å gjennomføre både fyrstehjelpskurs, bondekafe og bondepub.