Radøy Bondeg er eit av fem lokallag i nye Alver kommune nord for Bergen. Dei har 129 medlemer og er alltid med i toppen når fylkesstyret skal kåre det mest aktive lokallaget.

- Vi er opptatt av å halde aktiviteten oppe, seier leiar Asgeir Nøttveit. - Viss ingen møter på lokallagsmøter og studiering føre jorbruksforhandlingane, mistar vi slagkrafta.

Lokallaget sender innspel til jordbruksforhandlingane kvart år. Dei har god kontakt med politikarane i kommunen og har innspel til høyringsaker både lokalt og i Bondelaget. I år hadde dei til dømes innspel til høyring om mjølkekvoteleige.

Radøy Bondelag seier ikkje nei til å delta i dei årlege kampanjane og aksjonane. Eit år arrangerte dei ein FlashMob saman med dei andre lokallaga i området. Hjelmås Mannskor sang «En Bondesang» i Knarviksenteret og i Bergen Storsenter, og lokallaga delte ut grønnsaker, fårepølse og tomater. Eit anna år kidnappa dei ordføraren, som måtte på tvangsarbeid i fjøset. Dei er alltid med på Bergen Matfestival, der dei stiller både med dyr og mannskap.

Radøy Bondelag har hatt fleire kurs for medlemene, mellom anna kurs i Varme arbeid, Tryggare Saman og motorsagkurs. Dei arrangerer også Open gard kvart år og har bondepub fleire gonger i året.

Styret i Radøy Bondelag

Frøydis Haugen og Asgeir Nøttveit med den kidnappa ordføraren Astrid Aarhus Byrknes i 2017

 

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes tar fjøsstellet hos Olav Myhr (no tillitsvald i Vestland Bondelag)

 

Open Gard

Open Gard

 

Hjelmås mannskor er med på FlashMob i Bergen