Velkomen til #BondeTV 2025
Endeleg er det tid for #BondeTV. Gjennom dagen vil me dele glimt frå kvardagen til fleire bønder i Vestland.
SATSAR: Me startar hjå Arne Frode Øvreseth, leiar i Breim Bondelag. Hjå han skjer det store ting for tida - snurr film.
TRAVEL: Kva driv Kari Sirgun Lysne med for tida? Jo, ho plantar frukttre til den store gullmedalje. Lysne er styremedlem i Vestland Bondelag, og hjå ho finn ein verkeleg spennande tresortar - snurr film.
GARDSBESØK: Bli med på gardsbesøk hjå Sig Asle Midtbø, leiar i Norddalsfjord Bondelag. Midtbø har filma litt av det han jobbar med for tida - snurr film.
KLAUVSKJÆRING: Bli med Guro Stuve på klauvskjæring på Voss jordbruksskule. Stuve er både styremedlem i Vestland Bondelag, og leiar i Vikøy og Øystese Bondelag. Stuve har sendt oss denne flotte videoen, frå då ho besøkte Voss jordbruksskule. Korrekt og regelmessig klauvskjæring er god dyrevelferd, og veldig viktig for å førebygge klauvsjukdom - snurr film.
JORDHELSE: Hjå fylkesleiar Jan Erik Fløtre står kalking på programmet. Det er viktig for jordhelsa - snurr film.
VIK I SOGN: Kristian Dvergedal Sætre er stolt bonde, og leiar i Vik Bondelag. På garden har 30-åringen både storfe og sau. Bli med inn i sauefjøset - snurr film.
I FRUKTHAGEN: I strålande sol deler Knut Byrkjenes Hauso glimt frå garden sin i Hardanger. Hauso er styremedlem i Vestland Bondelag, og i dag syner han fram delar av frukthagen sin på #BondeTV. Når det blomstrar i Hardanger er det verkeleg flott - snurr film.
STOLT BONDE: I fjøset hjå Sigurd Vikesland er det yrande liv. Vikesland er stolt bonde, og 3.vara i styret til Vestland Bondelag. Han har sendt oss ein flott videosnutt frå garden sin i Aurland. Geiter er både fine og nyttige dyr - snurr film.
FRISKE KALVAR: I denne videoen deler me eit glimt frå garden til Geir Støfring. Geir er stolt bonde i Sunnfjord kommune. Han er leiar i Jølster Bondelag, og 1.vara i styret i Vestland Bondelag - snurr film.
KVELDSBESØK: Siste video ut i kveld kjem frå Kjersti Hjelmeland . Ho er nestleiar i Vestland Bondelag. På garden har dei bygd ny driftsbygning, og i kveld lærer kvigene seg å gå i mjølkeroboten - snurr film.