Næringa tok saka opp i årets jordbruksoppgjer utan å nå fram då.   - Difor er det gledeleg, for dei det gjeld, at Landbruksministeren snur i høve til det han svarte i Stortinget for ein månad sidan, og no syner ein større vilje til fleksibilitet, seier Felde.   Han fortener ros for denne snuviljen saman med alle andre som har medverka til at det har skjedd.  - Det skapar nok god stemning i heimen til nokon bønder i vårt fylke også, seier ein nøgd Felde !

Den nye avgjerda frå Landbruks- og matdepartemenet medfører at føretak som ikkje søkte innan 15. mars, og som heller ikkje har søkt om dispensasjon frå søknadsfristen, no kan levere del ien av søknaden innan 29. oktober, skriv Landbruksdirektoratet.  Det vil også inkludere dei som har søkt om dispensasjon frå søknadsfristen og fått avslag.

Begge gruppene får no høve til å levere del ein av søknaden. Føretaket må fylle ut søknaden på papir, og den må leverast til kommunen innan 29. oktober 2018, skriv direktoratet.

Du finn heile pressemeldinga frå Statsråden på Landbruks- og Matdepartementet sine sider.

Omtale i Bondebladet