Kva fylke Sveio skal tilhøyre pregar kommunen og det har mellom anna vore opne folkemøte på tema.   Sjølve folkerøystinga vert gjennomført 10. januar 2022 med høve til å førehandsrøyste frå 10. desember 2021.

Årsmøtet i Sveio Bondelag vart halde i Lid skole/grendahus og samla heile 26 medlemer.   Sveio Bondelag hadde invitert Harald Selaas frå Nortura til å orientere om skilnader for bøndene i dei to fylka. Han kom mellom anna inn på dei økonomiske verkemidla. Grunna stor utryggleik kring kvoteordning og økonomiske verkemiddel, er det ynskje frå medlemene i årsmøtet i Sveio Bondelag at Sveio kommune framleis bør vere ein del av Vestland fylke. 

Dei vasla endringane i gjødselvareforskrifta opptek også medlemene i Sveio Bondelag.  Dei er uroa for dei store konsekvensane som drastisk innstramming i regelverk kan føre til for husdyrbonden, og set si lit til at den nye regjeringa ikkje vil gå så drastisk til verks, men utgreie konsekvensar for einskildbruk før regelverk vert endra.

Nokon av karane i årsmøtet i Sveio Bondelag f.v. Egil Haugsgjerd, avtroppande styreleiar Jon Bergmål, styremedlem Andres Blytt og styremedlem Henrik Blytt.

Styret i Sveio Bodnelag. Frå venstre:  Andres Blytt, Henrik Blytt, Gjertrud Svartveit Osmundsen og Steinar Vikse. I tillegg sit Maria Nesse i styret