15.mai fekk Hovland Gard i Årdal kommune storfint besøk av treåringar frå Årdal Sokn. Arrangørar var Øvre og Nedre sokneråd. 

18 treåringar med foreldre kom. På programmet sto fårefest i Vikadalen Ungdomshus, der dei fortalte historia om det bortkomne lammet.

Etterpå gjekk turen opp til Hovland Gard der alle fekk klappa lam og ta del i foring av kopplamma.

 

Ein vellukka kveld

 

Dei frammøtte fekk også ein liten orientering om gardsdrifta, og kor viktig de er å opprethalda norsk matproduksjon.

Alle let vel, og humøret var på topp denne fine vårkvelden. 

 

 

Tekst og bilder: Ole Bjarne Hovland.