Gardsbesøk hjå Jan Erik Fløtre
Me har besøkt Jan Erik Fløtre på garden hans på Byrkjelo. Bli litt betre kjent med den nye fylkesleiaren vår her.
VELKOMEN TIL GARDS: I dag besøker me nyvald leiar i Vestland Bondelag, Jan Erik Fløtre. Han bur på Byrkjelo i Gloppen kommune, han har vore bonde sidan 2001 og driv garden saman med familien sin. På garden har dei mellom anna mjølk, ammeku og oppfôring på innkjøpt kalv.
I MJØLKEFJØSEN: Inne i mjølkefjøsen står ein fin gjeng. Jan Erik er glad i dyra sine, og syner stolt fram buskapen.
AMMEKYR: Jan Erik har hatt ammekyr sidan 2018. Dei står i eigen driftsbyggning. 17.mai planlegg han beiteslepp. Då får gjengen kose seg i Våtedalen. Dyra får gå ute heile sommaren.
HEST OG HØNER: På garden har Jan Erik og familien fleire ulike dyr. Hestar har vore på garden så lenge Jan Erik kan hugse. Før i tida dreiv han med både utstilling og konkurransar. Fløtre har vore med på fleire NM for fjordhest.
NY LEIAR I VESTLAND BONDELAG: I dag er det nøyaktig ei veke sidan Jan Erik overtok leiarvervet i Vestland Bondelag. Korleis har første veka gått? Sjå korleis Jan Erik oppsummerer tida i videoen over.
GLER SEG TIL ALT SOM VENTAR: Jan Erik gler seg til å jobbe for Vestlandsbonden. Ein viktig jobb både for matproduksjonen på Vestlandet, men også for Norge.