Sola skein for 9. og 10. klasseelevane ved Skei Ungdomsskule som besøkte gardbrukar Andreas Bolset frå Bolset på Skei siste måndagen i oktober. Før lunsj var elevane delt inn i to grupper, der dei veksla mellom omvisning i fjøsen og matlaging.

Omvisninga i fjøsen tok Bolset seg av, og kunne melde tilbake at kalvane var det store trekkplasteret. Sjølv dei som i byrjinga var litt redde dyra når dei kom inn i fjøsen var oppi bingen til kalvane og kosa.

Matgruppa var det Anne Grete Førde frå Jølster Bakst som tok seg av. Det var takkebakst og vaffellaging i den nyoppførte kalvefjøsen, som ikkje er heilt klar for å brukast av kalvane endå. Det var sjølvsagt litt prøvesmaking undervegs, men mesteparten av maten var som ekstra kos under lunsjen.

Etter lunsj gjekk elevane ein natursti mot nabogarden som held på med juletreproduksjon. Der vart vi møtt av Trygve Bolset som fortalde litt om tradisjonane kring juletre og viste elevane rundt i juletreskogen sin. 

Dagen vart avslutta med litt konkurranse før elevane tok bussen attende til skulen. Det stod ikkje på konkurranseinstinktet når dei skulle gå som trillebårer, spikre, bære vatn og fylle i mjølkespann! 

Vertsbonden Andreas Bolset

Anne Grete Førde frå Jølster Bakst sjekka vaffelrøra elevane har laga. 

Natursti

Trygve Bolset tok elevane med inn i juletreskogen. Han har allereie byrja å merke tre som skal hoggast til jul.

Elevane vandra i kulturlandskapet på veg ned til garden til Andras Bolset