Storaas er professor emeritus ved avdeling for anvendt økologi ved Høgskulen Innlandet si avdeling på Evenstad. Han  er ein av våre fremste forskarar på vilt og samstundes ein dyktig debattant og føredragshaldar.  Mykje av kunnskapen er delt gjennom bøker, foredrag og no også poddaster.

Torstein Storaas

Trass noko dårleg lyd i innlegget han heldt frå loftsstova i Innlandet klarte han å fange dei kring 160 deltakarane på det digitale viltwebinaret med sin lune humor og spanande tankar om haldningar, haldningsendring og kva som må til for å få åtferdsendring.

- Eg trudde kunnskapen var avgjerande for å kunne endre haldningar og oppførsel, men so lett er det rett og slett ikkje, sa Storaas.  Oftast må det struktuelle endringar til i form av endra lovverk, eller så er det teknologiske endringar som pressar fram ei endra åtferd. Kunnskap betyr sjølvsagt også noko, men det hjelp ikkje åleine.  Jamfør utviklinga når det gjeld røyking.  Det er ikkje så lett å endre haldningar til gamle gubbar som meg sa Storaas.  Vil de forvalte vilt og endre viltfrvaltning så må de lære om folk og lese det mange kloke folk har skrive.   

Saman med Norsk Hjortesenter og jeger og Fisk i Sogn og Fjordane skipar Vestland Bondelag til ein digital møteserie på tema viltforvaltning.  

 

"Backstage" sit arrangørstaben og føl med på spørsmål i chatten.  Hanne Lisbeth Nybø er med i arrangørstaben frå Vestland Bondelag.   Foto: Avent Digital

Innleiarane og møteleiinga på viltwebinaret 16. mars Opp f.v. Reidun Solberg Seim, Alf Erik Rørvik og Johan Trygve Solheim,  Ned f.v.Roar Lundeby og Torstein Storaas.