Det syner seg mange gonger at bønder med gyllevogner er ein viktig del av beredskapen.  - Det er etterkvart åt å verte knusk tørt i marka, så mi oppfordring til alle bønder som har gyllevogner er å fylle dei opp med vatn, slik at du er klar til å bistå om det skulle oppstå trong for det, seier ein tydeleg fylkesleiar.

 

Legg inn ekstra tilsyn med beitedyra

Samstundes oppmodar fylkesleiaren til ekstra tilsyn med beitedyra, slik at vi er trygge på at vasstilgongen i beita er god.  Litt muring  i mindre grøver kan vere eit godt tips for å lage små drikkedammar.   Ekstra tilsyn er naudsynt i slik verperiode som vi har no.  

- For 1 månad sidan fekk vi kring 30 cm nysnø og no er vi på full fart inn i ein ekstrem tørkeperiode.   Å produsere mat gjev stadig utfordringar.  - Det har vore fantastiske arbeidstilhøve i slåtten, men no stønnar eg bokstaveleg talt etter noko regn seier ein normalt solhugrig fylkesleiar. 

Samstundes er det ikkje berre rett fram å ynskje seg det heller, når eg veit at det er store snømengder som i desse dagar er på veg ned frå høgfjellet til havet, og på sin veg utgjer ein trussel for landbruksareal om regn og snøsmelting kjem samstundes.   Da skal ikkje vere like lett alltid, seier Felde som etter sine tankar om at alt ikkje alltid er like lett, uansett vil ynskje medlemer og andre i fylket ei god helg.