Fylkeskommunen lyser ut 3,25 millionar kr til tiltak som kan bidra til å auke verdiskapinga i frukt, bær og grøntnæringa i fylket.    Midlane skal gå til å skaffe ny kunnskap eller til målretta utviklingsprosjekt.

Tema som kan vere aktuelle å ta tak i: 

  • auke produksjonen i tråd med auke i etterspurnaden 
  • ny driftsteknologi og nye driftsmetodar  
  • prøve ut og ta i bruk alternative dyrkingsmetodar og nye sortar   
  • sikre kvalitet i heile verdikjeda  
  • produktutvikling og vidareforedling 
  • kartlegge potensiale for og hindringar for vekst 
  • stimulere til forskingsbasert utvikling og innovasjon 

- Det er svært gledeleg at fylkeskommunen tek på seg rolla som utviklingsaktør innan landbruksbaserte næringar.  Det er vi i næringa svært glade for, seier ein tydeleg fylkesleiar.

Meir informasjon om kva tilskotet kan nyttast til, kven som kan søkje om støtte og korleis søknad skal sendast  FINN DU OGSÅ HER   Søknadsfristen er den 15. november 2022.