Vestlnd Bondelag vil  handsame planen i styret og kome med innspel til sjølve høyringsdokumentet.  - Vi i Vestland Bondelag oppmodar også lokallaga og andre om å engasjere seg og kome med sine innspel.  Sjølve planutkastet er på 27 sider slik at det er mogleg å lese seg gjennom det.  

PLANUTKAST

Her kan du melde deg på høyringsmøte som skal vere på Teams 27. septmber

Side for innspel

 

Kva er temaplan for landbruk?

Temaplan for landbruk skal samordne innsatsen knytt til næringsutvikling innan landbruk, sette retning for verkemiddel for utvikling av landbruket i Vestland, legge til rette for samarbeid og sjå på moglegheiter og utfordingar for vestlandslandbruket på kort og lang sikt. 

Temaplan for landbruk skal bidra til godt jordvern for å ta vare på matjorda. Samstundes skal planen legge til rette for ei sterk og framtidsretta landbruksnæring som gjer våre lokalsamfunn levande og berekraftige. 

Utkastet til temaplan er utarbeidd i eit tett samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Innovasjon Norge, Statsforvaltaren i Vestland, faglaga i landbruket, representantar frå skognæringa og kommunane. Aktørane har eit felles ansvar for å følgje opp planen og kommunane vil spele ei avgjerande rolle i å setje planen ut i livet. Vi håper at kommunane vil bruke planen som grunnlag for å lage eigne strategiar og tiltak for å nå måla som er sett i planen.

Fylkestinget skal vedta endeleg plan i desember 2022.

HOVUDSIDE HØYRINGA