-Kurset har vore skipa til fleire gonger tidlegare, og vart fort fullteikna, seier Eva Aga Baas frå lokallagsstyret. Kurset gjekk føre seg 4. og 5. mars i Kinsarvik, ved planteskulen til Vidar Jåstad. Rolf Erling Loe var kurshaldar.

Kurset hadde både ein teoretisk og ein praktisk del, og medlemer i Ullensvang Hagebrukslag fekk rabatt på 800 kroner. 

Dersom andre lokallag er interessert i å arrangere motorsagkurs, kan dei ta kontakt med Skogbrukets Kursinstitutt.

Ondsag 2. mars arrangerte lokallaget skogdag i lag med Indre Hardanger Skogeigarlag. Arrangementet fekk omtale i Hardanger Folkeblad.

Motorsagkurs i Kinsarvik

Frå motorsagkurset

Omtale av skogdagen