I Vestland har vi mange fruktlager der produsentar samarbeider med mål om å kunne ta ut ein meirverdi for frukt, bær og grønsakene sine.  For første vara til styret i Norges Bondelag, Thorleif Muller,  var det nyttig å møte representantar for Fruktlagera og sjå korleis dei i praksis løyser oppgåver på vegne av mange produsentar ein stad langt unna marknaden i Oslo, men også ein stad nær marknaden i Bergen. 

Dagleg leiar i Sogn Frukt og Grønt DA, Knut Rune Bøe (t.h.) i samtale med 1. vara til styret i Norges Bondelag Thorleif Muller og fylkesleiar i Vestland Bondelag, Anders Felde (t.v.)

Frå Innvik  Fruktlager i nord, via Luster Grønt, Sognabær og Sogn Frukt og Grønt SA  til Ullensvang Fruktlager, Nå Fruktlager og Hardanger Fjordfrukt i sør,  Dei er framleis mange, men gjennom samanslåingar og nybygg vert det stadig færre av dei.   På vegen mot å tilpasse seg ny kjøleteknologi og marknadsaktørane sine synskje om større leveranse samla på ein stad har nokon Fruktlager vald å slå seg saman.  Sist ute er Lærdal Grønt og Leikanger Fruktlager som i 2020 slo seg saman til Sogn Frukt og Grønt DA.  Dei startar i desse dagar å byggje nytt pakkeri på Håbakken i Lærdal kommune.  

Produsentane på Lofthus køyrer sjølve frukta til Ullensvang Fruktlager medan Hardanger Fjordfrukt på Utne, som dekkjer eit større geografisk område, hentar inn frukta med eigen bil.

Nav om motor for utviklinga

- Fruktlagera er både nav og motor for utvikling av grøntnæringa i sitt distrikt,  seier Kari Sigrun Lysne.   Utan dette produsentsamarbeidet er vi for små for dei kommersielle aktørane.   - Vi kan ikkje gjere som Thorleif Muller og levere varene direkte til butikkane.  Vi må samarbeide mange for å få innpass i marknaden held Lysne fram.   Ho er glad for at Muller er så tydeleg på at han som grøntnæringa sin representant inn i styret i Norges Bondelag vil ut og møte produsentar og representantar for fruktlagera.   - Han er ærleg på at han vil ut for å lære.  Det set vi stor pris på seier både Lysne og Knut Byrkjenes Hauso som er styremedlem i vestland Bondelag og fruktprodusent i Ullensvang.

 

På Hardanger Fjordfrukt fekk reisefylgjet omvising og prat med både styreleiar Kjetil Lerfall og dagleg leiar Odd Åge Helvik.

Kanskje kom nokon av desse epla til ein butikk nær deg

 

Ved sidan av å vere pakkeri og ei eining inn mot grossistar og kjedar sit mange pakkeri i førarsetet som pådrivarar for å auke produksjon og verdiskaping i distriktet gjennom utprøving av nye sortar og som fagleg møtestad og idèverkstad.   Fleire fruktlager tek også ansvar på utstyrssida med butikksamarbeid som sikrar produsentane det dei treng til drifta. 

 

Utstyr på butikken på Hardanger Fjordfrukt og fersken frå Lærdal.  Ulikskapane mellom Fruktlagera kan vere stor, men i botnen ligg det avgjerande produsentsamarbeidet som grunnlag for å skape verdiar i sitt distrikt.

Arbeidsplass med flott utsikt :)