Fristiller heile fylkesstyret til årsmøtet
Vestland Bondelag har på eit ekstraordinært årsmøte i desember vedtatt å redusere talet på styremedlemmer frå dagens ni – til sju.
-Me har eit viktig arbeid framføre oss.
Det fortel Turid Bjørndal Njåstad, leiar i valnemnda til Vestland Bondelag.
Som ein følgje av reduksjonen vil heile det sitjande styret bli fristilt, og alle styreplassar er på val på det kommande årsmøtet i mars.
Vedtok ny instruks for valnemnda
-Medan det vanlegvis er halve styret + leiar som er på val til kvart årsmøte, vedtok det ekstraordinære, digitale årsmøtet i desember at ein i overgangen til ny styrestruktur set alle styreverv på val.
Njåstad legg til at valnemnda sit med eit stort ansvar, og at dei no ynskjer tips til gode kandidatar til styret.
Tek ikkje attval
- Guro Stuve
- Andreas Hus
- Rolf Olav Gjørven
- Dorthe Svantesvold
- Kjersti Hjelmeland
*Hjelmeland søkte permisjon frå vervet sitt i Vestland Bondelag før i år, då ho vart vald inn til styremedlem i Norges Bondelag.
-Alle som har sagt frå seg er 41 år og yngre. Det betyr at me ynskjer ekstra tips om yngre bønder, seier Njåstad.
No håpar ho at innboksen blir full i forslag med dyktige kandidatar.
-Me jaktar nye talent som kan gjere ein jobb for vestlandsbonden og fellesskapet i Vestland Bondelag. Me håpar difor at gode kandidatar blir spelt inn til valnemnda før 8.januar 2026.
Vestland Bondelag held årsmøte 12. – 13. mars på Quality Edvard Grieg Hotel på Sandsli i Bergen.