ikkje minst må ein vise at ein vil legge til rette for at alle storfe er i lausdrift i 2034.

Vi har rekna litt på kva som skal til av midlar for å bidra til at alle mjølkekyr går i lausdrift i 2034. Vi håpar sjølvsagt å kunne behalde alle mjølkebruk framover, men dessverre viser historia ein tydeleg nedgang. Dei siste 14 åra har vi mista dryge halvparten av alle mjølkebønder (15900 i 2005 og 7831 i 2019).  I desse reknestykka, har vi lagt til grunn at vi ikkje greier å bremse nedlegginga av mjølkebruka i åra fram mot 2034. I dag driv ca. 4440 mjølkebruk framleis i båsfjøs. Dersom halvparten av desse legg ned drifta (ca 160 pr år) skal  2220 bygge lausdriftsfjøs fram mot 2034.

Ser vi på bruken av IBU-midlar (investering og bedrifts utviklings midlar) dei siste tre åra, har mjølkebøndene fått i snitt 267 mil i tilskot. Delar av desse midlane er også brukt av mjølkebønder som allereie er i lausdrift. Lat oss seie at vi berre proriterar investeringsstøtte til utbyggingar frå bås til lausdriftsfjøs, kor hamnar vi i 2034 ?

Lat oss tenkje oss at halvparten av alle som skal bygge fram til 2034 bygger i tre (2,4 mill. i tilskotstak) og andre halvparten bygger i stål og betong (2 mill. i tilskotstak). Det gir eit gjennomsnitt på 2, 2 mill. i maksimalt tilskot, vil vi då trenge 4,9 milliardar kroner. Gitt dagens bruk/løyving av investeringsmidlar har vi 3,7 milliardar tilgjengeleg fram mot 2034. Sjølv om vi ikkje gjev ei krone i investeringstilskot til dei som allereie er i lausdrift dei neste 14 åra, so manglar vi altso 1,2 mrd. kroner med dagens investeringsverkemiddel.

Det er ei politisk målsetting at mjølkebruk på mellom 15 og 30 kyr skal prioriterast ved tildeling av investeringsstøtte. Vi ser i dag at få bygger lausdrift for mindre enn 30 kyr, av den enkle grunn av at dei ikkje får ei lønnsam investering (sjølv ved max tilskot). Tilbakemeldingar frå driftsplanleggarar er at det berre i heilt spesielle tilfelle vil vere mogeleg å realisere den type utbyggingar fordi økonomien etter utbygging vert svært marginal. Ei master oppgåve frå NHH med tittel; «Konsekvenser av krav til økt dyrevelferd»  av Maria N. Jensen & Ingrid M. Larsson dokumenterer manglande lønsemd på utbyggingar under 30 mjølkekyr.  Det ser sopass håplaust ut at mange sel kvoten, eller tyner ut siste literane fram mot 2034.  Det vil difor vere naudsynt å løfte taket på investeringstilskotet til 3 millionar og auke tilskotssatsen til 50%.  Kombinasjonen av tak og høg tilskotsprosent vil treffe 15-30 kyrs fjøsa godt. Gjeve utgangspunktet ovanfor vil vi då trenge knappe 6,7 milliardar kroner fram mot 2034. Vi får minst ein manko på ca. 3 milliardar, kroner over 14 år.  Det kan høyrest mykje ut, men det er faktisk berre å løfte investeringspotten med dryge 200 millionar i året. Det er ikkje ei umogeleg oppgåve!  Desse midlane vil skape byggeaktivitet i mange bygder kring heile landet og stimulere til ekstra aktivitet i byggebransjen dei neste 14 åra.

Det trengst ein investeringspakke som viser korleis vi har tenkt å innfri kravet, og gje føreseielege vilkår dei neste 14 åra. Mindre fjøs vil gje mindre press på kvoteprisane både ved leige og kjøp. Vi får nye framtidsretta fjøs som er meir tilpassa ressursgrunnlaget over heile landet.  Det handlar om norsk sjølvforsyning og vår evne til å nytte areal over heile landet. Bonden vil få ein heilt ny fleksibilitet i arbeidskvardagen. Noko som vil kunne frigjere tid til anna arbeid eller til innovasjon og nyskaping, med utgangspunkt i andre resursar på garden. Ei slik investeringspakke må bli ein sentral del av jordbruksoppgjeret i 2021.  Det føreset at Bondelag og Småbrukarlag er tydelege i kravet sitt til våren.  Landbruks- og matminister Bollestad må allereie no starte arbeidet med å legge ein plan for korleis dette skal gjerast.  Ho må syte for brei politisk forankring, slik at mjølkebøndene med under 30 kyr kan sjå eit ljos i tunellen .

For norsk landbruk vil ein eigen investeringspakke for mjølk vere avgjerande.  Investeringane og fornyinga må også halde fram i andre produksjonar.  Ein ekstra investeringspakke for mjølk er difor viktig for heile norsk landbruk.

Vi står i eit avgjerande vegval for norsk matproduksjon, kven skal få vere med og kven skal ikkje. I dag diskvalifiserer vi dei som vi snakkar om som ryggrada i framtidas mjølkeproduksjon. Det krevst tøffe prioriteringar frå både frå faglag og regjering. Tolmodet er slutt, det viser resultata av utkjøpsordninga, no må det handlast.