Jørund Olav Grønsnes driv saman med familien ein relativt stor fruktgard med kring 65 dekar frukt i bratte bakkar i Ullensvang kommune.  Epla utgjer hovudproduksjonen og takka vere mange tusen tonn med stein, gravemaskinkunst og eit utal timar har han fått til det som ser ut som tilnærma nesten flate teigar. 

Måten arealet er forma på for å betre arbeidsituasjonen på garden er rett og slett imponerande, og han er ikkje åleine.  Stadig fleire fruktdyrkarar i området legg ned mange timar med gravemaskin, dynamitt, stein og jord for å skape seg brukandes teigar til dyrking av frukt. 

Grønsnes t.h. i samtale med 1. vara til styret i Norges Bondelag Thorleif Muller

Mange diskusjonstema kring eplekassen.  Trongen for stabil og dyktig arbeidskraft var eitt av dei tema som vart drøfta i møte mellom representantar frå lokallag, fylkeslag og Norges Bondelag sentralt.

Bilete som syner døme på maskinkunst og arealutnytting: 

Ei lita bot mellom vegen og fjellveggen får ikkje stå utan verdiskaping.  På biletet styremedlem i Vestland Bondelag Knut B. Hauso og 1. vara til styret i Norges Bondelag Thorleif Mûller.  Dei let seg imponere over arealbruken.