- Sist veke fekk heile beitenæringa i Indre Sogn sjokk då det vart kjendt at Miljødirektoratet hadde sendt eit brev til Klima- og Miljødepartementet der dei gav uttrykk for at det ville vere umogleg å immobilisere jerv før felling.  I praksis ville det seie at det ikkje ville vere mogleg for SNO å felle jerv på ekstraordinært uttak.   Det vart synt til endra regelverk frå legemiddelverket.   No syner det seg at legemiddelverket ikkje vil pålegge nokon restriksjonar i høve til den forvaltninga som har vore til denne tid.  Det er bra.  Dette burde Legemiddelverket og Miljødirektoratet kunne ha avklart seg i mellom tidlegare.    No har tre veker gått utan at SNO har fått starta på jobben sin, så no forventar vi handling når vertilhøva tillet det seier ein bestemt nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.   Vi forventar at Klima og Miljødepartementet, etter legemiddelverket si avklaring, vil stadfesta at ekstraordinært uttak av jerv kan halde fram etter same regelverk som tidlegare år.

Nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Ole Bjarne Hovland.

Lisensjakt på rovdyr fungerer ikkje i indre deler av region 1.  Topografi og manglande dagslys set ein stoppar for det.  For å kunne oppretthalde rovviltregion 1 sin beiteprioritet er vi avhengige av at det vert sett i verk ekstraordinære uttak i regi av  Statens Naturoppsyn.    

Det var 61 registrerte ynglingar av jerv i 2019.  Noko som er langt over bestandsmålet på 39 årlege ynglingar.   Sogn og Fjordane Bondelag krev at ekstraordinære uttak på jerv innanfor lisenskvote Region 1 vert praktisert som tidlegare år.    Dette må handterast som ei hastesak då tidsrommet for mogleg uttak er svært kort og spora etter jerven er mange.