Forventar at Ministeren søkjer kunnskap
- Eg stiller meg undrande til Erna Solberg sitt val av landbruksminister, men når Listhaug har fått jobben må vi kunne forvente at noko av det første ho gjer, er å skaffe seg kunnskap om landbruket i Norge ved å reise ut og møte matprodusentane der maten vert produsert, seier fylkesleiar Per Hilleren.
Sylvi Listhaug vart utnemnd til Statsråd i Landbruks- og Matdepartementet tidlegare i dag. Listhaug vart introdusert med følgjande ord av Statsminister Erna Solberg tidlegare i dag: Landbruks- og matminister blir Sylvi Listhaug har styringserfaring fra byrådet i Oslo. Opprinnelig er hun odelsjente fra Møre og Romsdal. Hun skal nå lede regjeringens arbeid med å videreutvikle norsk landbruk. – Hun skal sørge for nødvendige reformer, og sørge for et landbruk for fremtiden i Norge, la Solberg til.
- Svært mange familier har investert mykje arbeid og kapital i å utvikle produksjonen sin på garden. Mange av desse uttrykkjer uro for ei framtid som kjennest usikker med Framstegspartiet i Statsrådstolen, seier Hilleren. Det vil ikkje vere slik at ideologiske løysingar vil vere dei beste for å sikre ein framtidig norsk matproduksjon. Det vil vere avgjerande at den nye Ministeren søkjer kunnskap og dialog med næringa kring dei framtidige løysingane, og vi tek gjerne imot eit Ministerbesøk i Sogn og Fjordane når kvardagen får sett seg, held Hilleren fram.
Listhaug får ansvaret for å følge opp måla som den nye regjeringa har lagt for norsk matproduksjon i Sundvolden-erklæringa og i samarbeidsavtala mellom KrF, V, KrF og FrP. - Eg forventar at den nye ministeren har eit engasjement for å satse på jordbruket i heile landet, og ynskjer ein dialog velkomen for å komme fram til dei beste løysingane for at ein matproduksjon skal kunne skje i heile landet.