Marianne Nordhus i samtale med nokon av dei som møtte fram frå Vossestand Bondelag på Vinje i Voss kommune

Marianne Nordhus la tidleg måndag morgon i veg på traktor frå Voss til Stortinget med bodskap til den norske regjeringa.

Over heile landet har bønder sett seg i traktoren og køyrt ut på vegen for å seie si meining om årets jordbruksoppgjer.  Regjeringa syner ikkje vilje til å gje norsk matproduksjon det inntektsløftet som skal til for å skape framtidstru.

  • Det er rett og slette ei grense for kor fort vi kan springe utan at norsk matproduksjon og arealbruk i heile landet vert radert ut, held Nordhus fram.

Vi treng eit naudsynt inntektsløft for vestlandsbonden og andre matprodusentar i Norge.   Vi treng midlar til investering i næringa og vi ynskjer å kunne styrke økonomien på små og mellomstore bruk.  Regjeringa kjem oss ikkje i møte på desse områda.

  • Det er ei ære for meg å kunne få køyre traktor frå Voss til Oslo med bodskap om eit landbruk i heile vårt langstrakte land.  Det er eit særpreg og ein beredskap som vi står i fare for å miste dersom ikkje politikarane innser alvoret.  Vi toler ikkje miste mange fleire bønder før Norge vil sjå heilt annleis ut både i høve kulturlandskap og mattryggleik, held Nordhus fram

Vi kan ikkje skrive under på ei jordbruksavtale som svekker inntektsmoglegheitene til hardt pressa bønder og utviklinga i landbruket.

Frå Lærdal til Oslo får Marianne selskap av Nils Magne Gjengedal.  Saman skal dei halde humøret oppe og ta med den tydelege bodskapen frå Vestland til Stortinget tysdag klokka 12:00

 

Sundag morgon starta ein gjeng frå Uskedalen og Rosendal mot Voss der det er arrangement sundag kveld.  I morgon måndag startar ei kolonne frå Eid og ei kolonne frå Stryn med retning Lærdal samstundes som Marianne  Nordhus set seg bak rattet på veg mot Oslo.

Vil du følgje turen så ta deg ein tur innom Vestland Bondelag si Facebook side eller Vestland Bondelag sin Instagram konto.  

Lenkje til Vestland Bondelag si Facebook side