I arbeidet med kommuneplan samarbeider Breim Bondelag tett med Gloppen Bondelag og Hyen Bondelag i eit samstyre.  Dei har jamnleg møte med kommunen og skal ha eit nytt møte seinare i haust.  Det siste året har samstyret også jobba aktivt for å oppretthalde den økonomiske støtta til veterinærordninga i kommunen.  Ein fekk redda ordninga, men måtte akseptere eit kutt på 50 %.  

Breim Bondelag hadde i vår ryddeaksjon der dei rydda kring 25 km veg.  Både E39, fylkesveg og kommunale vegar.

Ved sidan av kommuneplanen vart det sett fokus på biogassprosjektet i Gloppen.  Prosjektleiar i NOMIL Marit E. Larsen innleia på tema i møtet.  Du kan sjå heile innlegget hennar her.

Nils H. Sandal og Marit E. Larsen

Organisasjonssjef Lars Peter Taule representerte fylkeslaget i møtet.  Han innleia til diskusjon kring moglegheitene som ligg i den nye politiske samansetninga på Storinget.

 

Det vart attval på styret i lokallaget som er sett saman av:

Leiar                      Arne Frode Øvreseth              

Nestleiar                Ragna Førde                         

Sekretær                 Connie Grindheim             

Kasserar                 Nils H. Sandal                    

HMS                      Roger Egge