Flora-politikarar vil bygge kunnskap om landbruket
-I kveld er eg her først og fremst for å lytte, sa ordførar Bengt Solheim Olsen (H) då han møtte bønder i Flora på Bondekafé i Eikefjord. Varaordførar Jan-Henrik Nygård (V) var også tydeleg på at han ønskjer meir kjennskap til landbruksnæringa i kommunen.
-Landbruket er ei godt etablert næring i Flora kommune, og med 300 årsverk er det ei næring av stor betyding, sa ordførar i Flora Bengt Solheim-Olsen då han møtte om lag 40 bønder på Bondekafé i Eikefjorden onsdags kveld. Varaordførar Jan Henrik Nygård følgde opp, og ønskte innspel på korleis lokalpolitikarar kan leggje til rette for landbruket i kommunen. Flora-bøndene sitt svar var at lokalpolitikarar har ei viktig oppgåve med å gje innspel til stortingspolitikarar om korleis stoda er for kystlandbruket, og kva som må til for å sikre framtidig landbruk i området.
Jordbrukssjef i Flora kommune, Annlaug Bolstad, presenterte verdiskapinga frå landbruket og dei mange tilleggsnæringane i kommunen. Landbruksmeldinga som Regjeringa la fram før jul var naturleg nok og eit tema på Bondekafeén. Organisasjonssjef i Sogn og Fjordane Bondelag, Merete Støfring, gjekk gjennom viktige sider ved meldinga. Etter innlegget vart det opna for spørsmål og debatt. Det vart påpeika at inntektsnivået i landbruket må opp om ein skal kunne nå meldinga sine overordna mål -Eg meiner det ligg mykje positivt i den nye landbruksmeldinga, og det må vi utnytte, avslutta Bodil Hovland Øren frå Eikefjord Bondelag.