Ein glad gjeng

 

Følgjande lag har hatt medlemsvekst i 2015:

Aurland, Balestrand, Breim, Fjaler og Hyllestad, Davik og Ålfoten, Flora, Gaular, Gloppen, Hafslo, Holmedal og Askvoll, Hornindal, Hyen, Jølster, Naustdal, Olden, Sogndal, Solund, Stardalen, Veitastrond

 

Størst prosentvis auke

Solund Bondelag har hatt størst prosentvis auke i medlemar i 2015. Laget auka medlemsmassen med 33 %, og får utbetalt kr. 2500 til laget.

 

Størst nettoauke

Hafslo Bondelag hadde den største nettoauken i tal medlemar i 2015. Laget fekk auka medlemstalet med 9 medlemar. Vi gratulerar, og deler ut ein premie på kr. 2500 til lokallaget.

 

God innsats under verveveka i november

Breim Bondelag gjorde ein bra innsats under verveveka i november. Ved å stå på stand på butikken verva dei 13 nye medlemar til laget, samt eit nytt medlem til nabolaget… Som takk for innsatsen får lokallaget kr. 2500.

 

Sogn og Fjordane Bondelag takkar  alle som har tipsa og verva i haust og vinter! Me ønskjer kontakt med alle lokallaga våre, for å finne dei som vil vere med på eit felles løft.