Påmelding til leiarmøte i Vestland Bondelag 2024
Lokallagsleiarane er kalla inn på leiarmøte i Vestland Bondelag torsdag den 7. og fredag den 8. november på Voss. Vi gler oss til å samle organisasjonen til fagleg påfyll og sosialt samvær.
- Det er stor stas å kunne vere eigarar til årets Miss Sogn og Fjordane seier Marit Flatjord som er ein av bøndene i Stardalen Samdrift som er eigarane til Fjellmøy.
Fjellmøy vann tevlinga, som vart gjennomført på Fjordhestgarden på Breim, i hard kamp med ei av kyrne til Einar Øygarden i Luster og ei av kyrne til Skeide fellesfjøs i Fjærland. Ho fekk karakterane 9 av 10 moglege poeng for heilskapsinntrykk og 4,5 av 5 moglege poeng for jur. Med andre ord ikkje langt unna ei perfekt ku !
Vinnarkua vart fødd i Befringsdalen, i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Kviga vart teken heim fordi ho skulle kalve, men mistanken om at ho kanskje allereie hadde kalva, kom når vi skulle jage ho heim, seier Marit Flatjord. Ho ville berre snu heile tida. Kalven vart funnen dagen etter, og det var mange som måtte vere med for å få tak i han, han var lett på beina og redd folk! - Vi fekk til slutt tak i han på støylen, held Flatjord fram. For at han ikkje skulle stikke av att, bar vi den på skift fram til parkeringsplassen. Det var her ambulansesjefen i Helse Førde, Stian Kjøsnes, fekk prøve seg med kalvebering. Han er i god form, som kom vel med når kalven sette på motabakken! Trur nok Kjøsnes hugsar godt kalvehentinga, avsluttar Flatjord.