Fjærland Bondelag gjennomførte sin aktivitet innandørs med innleiing ved Jogeir Agjeld frå Norsk Landbruksrådgiving  Arrangementet valde Fjærland Bondelag å halde ope for alle.  Det møtte opp mange både medlemer og ikkje medlemmar.  30 personar deltok.  Ein god del av desse var ungdommar som me seinare kan håpe å rekruttere inn som nye medlemer held Mundal fram

Jogeir Agjeld innleier på kurskveld i Fjærland vinteren 2020.

Tips til kornavenleg gjennomføring av temakveld

- Å fokusere på tema landbruksmaskiner i trafikken kan også vere eit tips til ein koronavenleg aktivitet, men då gjerne utandørs i ein garasje eller ved veg, og med påmelding av deltakarar i førekant.  Om temaet skulle verte populært kan det vere eit tips å gjennomføre fleire samlingar, seier seniorrådgjevar i Vestland Bondelag Merete Støfring   

Det vil ved alle arrangement i lokallaga vere viktig med avstand, samt å sikre seg at peronar med symptom på luftvegssjukdom held seg heime.   Sjølv med desse reglane vil det vere mange aktivitetar som kan la seg gjennomføre og særleg om ein tenkjer store lokale, utandørs aktivitet og aktivitet med færre deltakarar som motorsagkurs og liknande.