Fjaler Bondelag og Hyllestad Bondelag vil fusjonere
- I ein kommune som Hyllestad merkar vi godt at vi vert færre aktive bønder, og med det får vi eit stadig mindre fagleg miljø, seier leiar i Hyllestad Bondelag Ole Ivar Åm Sognnes i ein kommentar til at Hyllestad Bondelag ynskjer å slå seg saman med Fjaler Bondelag
Både Hyllestad Bondelag og Fjaler Bondelag har gjennomført ordinære årsmøte der medlemene har gått inn for å slå saman laga. I desse dagar førebur styra i dei to laga eit felles skipingsmøte som skal vere på Yndestad Gard på Guddal i Fjaler måndag den 10. desember. - Denne fusjonen synleggjer på ein måte den negative utviklinga som landbruket har i kystkommunane, men på den andre sida ynskjer vi å snu det til noko positivt der vi gjennom eitt felles lag kan legge til rette for både sosiale og faglege møteplassar for bøndene i Hyllestad saman med bøndene i Fjaler, seier Sognnes.
Heilårsbusetnad ei viktig sak
På årsmøtet i Fjaler Bondelag vart medlemene i Hyllestad Bondelag ynskt velkomen til ein fusjon. På årsmøtet var deltakarane opptekne av att det er lys i alle hus. Kommunen bør handheve buplikt strengare og dei ynskjer ikkje å få fleire “sommar buplassa”, vart sagt. Dei ser med gru på om konsesjonslovgjevinga blir endra. Det viktigaste er lys i husa,om ein så lyt selge var tonen frå det årsmøtet. Busetjing sett i høve til feriebustadar er ei utfordring som er felles for begge kommunane og vert truleg også ei viktig sak å få sett fokus på for styret i det fusjonerte laget når det skal planlegge sine oppgåver. Men først lyt det gjennomførast felles skipingsmøte med godekjenning av fusjonen, val av nytt styre og godkjenning av nye vedtekter.