LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

Koronapandemien har vist at verdikjeda for mat og drikke er sterk i Norge, og leverer også i ustabile tider. No ynskjer NHO Mat og Drikke, NNN og Norges Bondelag at trenden med å velgje norskprodusert mat og drikke skal halde fram. Då er det viktig med politisk støtte frå ny regjering og nytt Storting.

-Det er avgjerande at politikarane sikrar rammevilkår for næringsmiddelindustrien slik at ein sikrar konkurransekrafta og ny-investeringar, seier Anders Felde.

Leiaren i Vestland Bondelag fortel at politikarane må sikre næringsmiddelindustrien sin plass i verdikjeda, og i større grad enn i dag sikre at matkjedene ikkje får misbruke den store makta dei har fått.

- Her trengs det tydelege grep i framtida. Samtidig må avgiftspolitikken vere slik at ein sikrar norsk matindustri i konkurranse med internasjonale aktørar.

 

Vil produsere det forbrukarane ynskjer

- Vi skal produsere det forbrukarane ynskjer i Norge basert på meir norske råvarer, seier Anders Felde.

Det siste året har etterspurnaden etter norskprodusert mat vore stigande, noko som har ført til auka etterspurnad etter norske råvarer. Med opne grenser er det venta at dette vil bli endra. 

- Det er viktig at politikarane utnyttar handlingsrommet i tollvernet slik at vi bidreg til å løfte norsk matproduksjon og aukar norskandelen i heile verdikjeda for mat. I den felles plattformen krever vi økte ambisjoner for en samlet verdikjede for mat, held Felde fram.  

 

Fleire arbeidsplassar

Den felles plattforma har krav om styrka rammevilkår for heile verdikjeda, og betre maktbalanse i verdikjeda mellom bonden/industri og daglegvarekjedene. I dag er verdikjeda for mat og drikke Norge sin største fastlandsindustri, med kring 43 000 årsverk i landbruket og rundt 40 000 sysselsette i mat- og drikkeindustrien.

Dei tre organisasjonane vil framover mot valdagen jobbe mot politikarar fra alle parti for å få støtte til dei felles krava:

  1. Gode rammevilkår gir grunnlag for auka verdiskaping og sysselsetting i heile verdikjeda for mat og drikke
  2. Verksam konkurranse og balansert makt i verdikjeda for mat- og drikke
  3. Styrke kompetansebygging og rekruttering i mat- og drikkenæringa
  4. Redusert grensehandel skapar norske arbeidsplassar
  5. Norsk produksjon av mat og drikke er ein del av klimaløysninga