Det var på styret i Norges Bondelag sin julemiddag i kantina i landbrukets hus tidlegare i desember at Merete Støfring sin innsats i Bondelaget vart markert.  Styreleiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, hadde tale og delte ut gåve. På menyen stod rakfisk, pinnekjøt og moltekrem.  

- Eg hadde ein flott kveld, og eg tykkjer det er ein fin tradisjon at tilsette som har jobba så lenge i organisasjonen får delta på julemiddagen der styret, administrativ leiing og nokon få inviterte gjester er til stades, held Støfring fram.  Når ein vert synt slik merksemd høver det seg sjølvsagt å takke.  Utfordringa vart rett og slett å velje ut kva historie som skulle kome med ein slik kveld.  Det er eit utal av historier og menneske som kunne blitt nemnde.  - Til meir eg tenkte til vanskelegare vart det å velje, og til meir takknemmeleg vart eg for alt eg har fått oppleve i arbeidet, held Støfring fram.  - Da er jo så utruleg mykje spanande, variert og interessant ein har fått vere med på ved å jobbe i ein organisasjon med slikt engasjement og slik breidde i arbeidet som ein har i Norges Bondelag. 

 I avslutnnga av tala til styret sa Merete følgjande:  Da er ingen ni til fire jobb å arbeide på fylkeskontora til Bondelaget.  Da vert kravd at du stiller opp når det trengst, og periodevis har det vore mange fleire timar på jobb enn det som bra er.   Kvifor held ein då fram år etter år?  Blir det ein vane?   Nei... det vert ingen vane og kanskje er det akkurat det at det aldri vert ein vane som gjer at ein finn både inspirasjon og glede i å halde fram.  Sjølv etter 5850 dagar og nokon netter på buss til aksjon i Oslo, så vert det aldri en vanleg dag i Bondelaget,  sjølv dagen i dag er ikkje vanleg.  Takk for meiningsfulle år.

Merete Støfring saman med leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes

-