LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Det er svært viktig at regjeringa kom landbruket i møte på den utfordrande kostnadsveksten som har vore det siste halvåret.

Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag. Jordbruket og regjeringa vart i dag einige om ein førebels kompensasjon på 754 mill.kr. over budsjett for den ekstraordinære kostnadsveksten i jordbruket.

-Det at vi får kompensert kostnadsveksten på kunstgjødsel og byggevarer er avgjerande for å sikre norsk matproduksjon. Partane vart einige om ein kompensasjon på 754 mill kroner som blir fordelt på areal, tal dyr og distriktstilskot på tomat og agurk.

Kravet er basert på kostnadsvekst på handelsgjødsel og bygningsvarer utover forutsetningane i årets jordbruksoppgjer.

- Dette kompenserer ikkje all kostnadsvekst, men vi er likevel godt nøgde med at vi vart einige med staten og dette skal utbetalast til bøndene i februar 2022.

 

Hadde håpa på kompensasjon for dei sterkt auka straumprisane

- Eg er likevel skuffa over at ein ikkje fekk på plass ein kompensasjon for dei sterkt aukande straumprisane.

Felde fortel at for enkelt produksjonar og deler av Vestland er dette ei betydeleg utfordring.

- Avtala med Staten seier at kompensasjon av straumkostnad skal sjåast på i jordbruksoppgjeret i 2022, avsluttar Felde.