Bonde John Karstein Raunholm delte sine tankar om klimabonden før Kjersti Hjelmeland frå fylkesstyret vårt tok for seg Landbrukets klimaavtale og satsingsområda.

Klimarådgjevar Helena Elvatun frå NLR Vest snakka om korleis drive klimasmart landbruk og korleis ein kan oppnå betre økonomi og drift med klimakalkulator og handlingsplan som verktøy. Det viktigaste er å logge seg på kalkulatoren, sjølv om du ikkje brukar mykje tid på den med ein gong. Jo fleire som loggar seg på, jo betre vert talgrunnlaget og nytta du får av kalkulatoren i eiga drift.

Stord Bondelag og Huglo Bondelag har vore med på fleire planleggingsmøte saman med Fitjar sau og geit, landbrukskontoret og administrasjonen i Vestland Bondelag. Det var eit vellukka samarbeid som gav godt oppmøte på fagkvelden. Møtet vart sponsa av tilskot frå Klima og Miljøprogrammet til Statsforvaltaren i Vestland. Det er høve for andre lokallag å få dekka utgifter til liknande samlingar. Ta kontakt med fylkeskontoret dersom de vil vite meir.

Her kan du sjå programmet.

Kjersti Hjelmeland frå Vestland Bondelag