I samarbeid med Hordaland Bondelag inviterte CH4 til fagdag for gardbrukarar og andre interesserte på Voss. Fagdagen var eit tiltak i prosjektet «Gardsvarmeanlegg Vestlandet» og fekk økonomisk støtte av Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge. Målsettinga er auka bruk av fornybar energi i landbruket gjennom etablering av fleire gardsvarmeanlegg basert på lokalt skogsvirke.

Deltakarane fekk mellom anna innføring i gardsvarmeanlegg, råstoff, økonomi og Innovasjon Norge sine støtteordningar. Peder Nernæs frå Hordaland Bondelag helst eit innlegg om landbruk og klima.

Det vart også tid til eit besøk hos Lars Selheim for å sjå på flisfyringsanlegget hans. På Selheim har det vore ei imponerande satsing med mjølk, storfekjøt og gris, eige gardsslakteri og no flisfyrt gardsvarmeanlegg.

Bilde: Peder Nernæs.