I Vikane Bondelag sitt geografiske område skjer det ei stor omlegging frå husdyrprodukdjon til grøntproduksjon.  Naturleg nok, var det difor Innvik Fruktlager sin administrative leiar Anita Roset som hadde eit fagleg engasjert innlegg om framtida for grøntnæringa i Vikane.  

Medlemene var elles opptekne av innsamlingsordninga for landbruksplast og dei kom med ynskje om eit tøffare Bodnelag i dialog med Staten.  Komande jordbruksoppgjer er svært viktig, og då må det gjerast gode grep som aukar både lønsemda og volum i norsk produksjon av mat, også etter Covid 19. 

  

Styret i Vikane Bondelag f.v. styremedlem Carl Wilhelm Hage, leiar Eyvind Reme, styremedlem Oddbjørn Reme, nestleiar Anders Hage og styremedlem Kjell Ove Frøyset.