LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde. 

 

- Inntekta auka dermed til 378 000 kroner. Noko som er særs lågt samanlikna med andre grupper i samfunnet, og ikkje berekraftig på sikt.

Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag. Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei rekneskapsgransking som syner resultat og økonomisk utvikling på nokre norske gardsbruk, og er ein del av den offisielle statistikken i Noreg.

- Hovudbakgrunnen for inntektsveksten er auka etterspurnad etter norske råvarer under pandemien. I tillegg til ein relativt låg prisvekst. Dette auka volumet på produksjonen, og løfta prisane. Spesielt på mjølk og kjøtt. Den store prisveksten som kom i siste del av 2021 påverka først rekneskapen til bonden i 2022. Gode avlingar innan eple og plommer bidrog også til at frukt og bærnæringa fekk eit betydeleg inntektsløft, fortel han.

 

Må løfte inntektene

- Det er avgjerande for Norge sin matberedskap at vi får løfta inntektene til bonden vidare. Vi må opp på nivå med andre grupper i samfunnet. Skal vi sikre ny rekruttering og investeringar i ein framtidig matproduksjon er det avgjerande at inntektene til matprodusentane kan samanliknast med inntekta i andre yrker.

Frukt og bærnæringa hadde dei høgaste inntektene blant Vestlandsbøndene, og også den høgste inntektsveksten.

- Etter eit dårleg fruktår i 2020 fekk vi gode avlingar både på eple og plommer som bidrog til å løftet inntektene med heile 62%. Prisane utvikla seg svakt samanlikna med 2020, men volumet auka betydeleg. For bær var situasjonen litt motsett, noko svakare avlingar, men betre prisar.

 

Betre prisar på sau og lam

- Inntektene til dei som driv med sau har vore svak i lenger tid og fekk seg ein etterlengta oppsving, spesielt var dette knytt til betre prisar på sau og lam.

Inntekta ligg framleis svært lågt innan sau, men dei løfta seg til eit årsverksinntekt på 178 000 kroner. Sauebøndene har vore gjennom ein periode med overproduksjon og svake prisar forklarar Felde.

- Det ser ut til at sauebøndene på Vestlandet likevel har heldt ut i næringa og held produksjonen oppe, samanlikna med enkelte andre områder av landet. Sauebruka som er med i driftsgranskingane er nærare tre gongar så store som gjennomsnittssauebruket i Vestland.

 

Inntektsvekst for mjølkebøndene

- Mjølkebøndene hadde også inntektsvekst i 2021, der både volumet og prisen for mjølk totalt løfta seg. Tine hadde godt driftsresultat, og mjølkebonden får etterbetalt deler av driftsresultatet til Tine pr liter.

Dette syner at det er avgjerande for inntekta til mjølkebonden å eige Tine sidan ein sikrar seg deler av inntektene knytt til vidareforedling av råvarene ein produserer.

- I og med at det først og fremst var volumauke og mjølkepris som utvikla seg, så er det dei største mjølkebruka som løfta seg mest i inntektene.

 Ser vi derimot på bøndene som driv med geitemjølk, så hadde dei faktisk ein svak inntektsnedgang, informerer Felde.

- Dette er svært urovekkande,  då vi er eit stort geitemjølk fylke.  I tillegg er de svært få geitebønder att i Noreg.

Bøndene på Vestlandet investerer noko meir enn landsgjennomsnittet, sjølv om investeringane var lågare enn i 2020, legg Felde til.

 

Kostnadseksplosjon i 2022

- Den enorme kostnadseksplosjonen som starta på slutten av 2021 og har forsett inn i 2022 har vore svært utfordrande for heile landbruket.

Etter ei god jordbruksavtale for 2022 er det likevel grunn til stor uro kring inntekta i mjølkeproduksjonen.

- Spesielt er vi uroa for inntekta knytt til dei som har investert dei siste åra. Kostnadsveksten langt større på kraftfôr enn berekna og Tine set ned utbetalingspris til mjølkebøndene ved nyttår. Samtidig står mjølkesektoren framfor store investeringar. Det hastar med å sikre inntektene i den Norske mjølkeproduksjonen som er bærebjelken i distriktslandbruket.