Bondelaget inviterte til ryddedugnad langs elva på Frette. I haust var nokre bønder uheldige då elva tok med seg rundballer. Det ligg derfor mykje siloplast både i og langs elva. Tre timer med stort ryddemannskap gav gode resultat.

Etterpå vart det grilling med sponsa grillmat frå Fatland. 30 personar med stort og smått møtte opp til den sosiale dugnaden.

Dyrlege Helge Håland har nett er gått av med pensjon, og fekk overrakt eit epletre som takk for godt samarbeid i 26 år.

Tekst og bilde: Etne Bondelag.