Kvart år sidan 2010 har Hordaland Bondelag kåra årets lokallag under fylkesårsmøtet. Tittelen går til det det laget som har vist størst engasjement gjennom året. Lokallaget må vere god på omdømmebygging i tillegg til å ha aktivitetar for eigne medlemer.

 Årets lokallag i Hordaland går vidare til den nasjonale kåringa i Norges Bondelag.

Styret i Hordaland Bondelag meiner Etne Bondelag framstiller landbruket på ein god og positiv måte og har gode tilbod for medlemene.

Etne Bondelag har drive jamt og godt i mange år. Dei har vore engasjert i kommunepolitikk, jordvern og andre viktige saker for landbruket og bygda. Dei har også hatt ei viktig rolle i Etnemarknaden. I 2016 fekk dei til eit løft i Etnemarknaden med landbruksleverandørar og dyr. Dei hadde også fleire Open Gard-arrangement for barn.