Er tilbodet godt for Vossabonden?
Når kommunestyret i Voss samlar seg til møte straks etter brotet, er bøndene på plass! Dei som støtta Staten, måtte gå til høgre og passere møkkaslangen.
Torsdag 15. mai samla vossabønder og bønder frå kringliggande kommunar seg framfor Voss Tinghus for å stilla kommunestyrerepresentantane eit enkelt spørsmål: Er tilbodet frå staten til bøndene godt for vossabonden?
Ikkje overraskande svarde dei fleste nei, men mange svarde at dei ikkje hadde sett seg nok inn i saka til å gi noko svar. Dei måtte gå til høgre for det blå tauet der også møkaslangen til Bjørne låg, medan dei som støtta bøndene fekk gå til venstre.
3 mjølkebønder sto også til utstilling, men ingen ville svara på spørsmålet om kven av dei som måtte finna noko anna å gjera hvis Listhaug sine planar vert realisert. Ein Høgrerepresentant med nøkkel til bakdøra bråsnudde då bøndene under partyteltet vart oppdaga.
Frp sin gruppeleiar Leif Arne Vangsnes var tydeleg på at han ikkje støttar staten sitt tilbod, og lova dyrt og heilagt å bringa det oppover i partiet. Han fekk difor gå på venstresida av den blå tråden inn i tinghuset! Jordbruksskulen var sterkt representert med om lag 20 elevar, så framtida i vestlandslandbruket var godt representert i aksjonen.
Tekst og bilete: Trond Olav Neteland, leiar i Vossestrand Bondelag