Den første gongen vi arrangerer regionmøte i Vestland Bondelag, er ikkje bare møta digitale, men det er dobbelt så mange lokallag som skal delta. Det vart difor planlagt ni møte på dagtid og kveldstid, og lokallaga vart delt inn i grupper med geografisk spreiing. Etter at påmeldingsfristen var ute, vart deltakarane fordelt på 6 møte.

Dagmøtet i går vart leia av Anders Felde og Lars Bø, medan Linda Kristin Oppedal og Peder Nernæs hadde ansvar for kveldsmøtet. Tema for møta var mellom anna klima, jordbruksforhandlingane, mjølkekvoter og lokallagsarbeid. På dagmøtet hadde generalsekretær Sigrid Hjørnegård eit innlegg om viktige saker i Bondelaget, medan Peder gjekk gjennom dei same sakene på kveldsmøtet.

Deltakarane vart delt inn i grupper og hadde gruppearbeid på Zoom. Alle som ville fekk snakke, sjølv om det var ei ny oppleving med digitalt gruppearbeid. Det gjeld å snakke fort når ein ser at tida for gruppearbeid er over, då vert ein sendt rett tilbake til hovudmøtet. Det hjelper ikkje at ein er midt i ein setning!

Dei første møta i går gav verdifull erfaring, så møta utover i veka vert nok betre og betre. Både styremedlemene i fylkeslaget og utsendingane frå lokallaga gjorde ein flott innsats for at møta skulle verte så gode som mogeleg.

Alle skrudde lydig på videoen for gruppefotografering