Torsdag 29.oktober var det årsmøte for Gaular bondelag på Tønna bar i Bygstad, der 25 medlemer samla seg for å gå gjennom årsmøtesaker og årsmøtemiddag. Med frå fylkesstyret var Gry Ingvild Agjeld.

I løpet av møtet vart ulike tema diskutert, mellom anna dei forenkla jordbruksforhandlingar, kanskje gjekk vi glipp av ei stor sjanse her? Forventingane i laget til jordbruksforhandlingane i 2021 er høge. Vidare vart det tatt opp at ein ynskjer meir positivt landbruksstoff i media. Landbruket må bli flinkare til å skryte av innsatsen til bonden i annleis-året 2020. Ei anna viktig sak som vart tatt opp var sak om Geno og kutt i køyregodtgjersle til veterinærane. Her er ein redd at kutta i køyregodtgjersla vil gå ut over vaktordninga til veterinærane.

Deretter var det vanlege årsmøtesaker, og årsmøtemiddag med lammesteik og griseribbe på menyen. Det var 25 deltakarar på møtet, og av desse 8 kvinner. Utruleg kjekt med så mange unge damer på årsmøtet i bondelaget.
 

Margun Myrmel Øren vart attvald som leiar. Med seg vidare i styret får ho Britt Siri L. Hauken, Kjell Fauske, Olav Furnes, Nils Arve Styve. Leif Jarle Bjørvik takka for seg som styremedlem, men gjekk inn som nytt medlem i valnemda. Kjell Åge Birkeland vart vald som ny styremedlem.
  
Gaular Bondelag er eit aktivt og engasjert lag. Årsmeldinga vitnar om god aktivitet i løpet av året, sjølv om korona har sett ein stoppar for fleire av aktivitetane dei hadde tenkt i år. Det var bondekafè i januar og i mars, med tema dyrevelferd og føredrag frå 4H-tur i USA. Studiehefte og questback med tema jordbruksforhandlingane vart gjennomført i februar. På grunn av korona vart det ikkje våronnmøte med Arve Arstein frå NLR, og heller ikkje gardsbesøk for 8. klasse. I haust vart det arrangert 15t-motorsagkurs med Arnt Laukeland, med 10 deltakarar, og to nye medlem som resultat. Dette kan anbefalast som mogleg koronavenleg aktivitet for andre lag, utandørs og med naturleg avstand.

I tillegg er Gaular Bondelag aktivt med i fellesstyret for bondelaga i Sunnfjord, der gjødselforskrifta og bandtvang har vore viktige saker som skal på høyring i haust. Laget deltek òg i Landbruksforum i Sunnfjord kommune, som er samansett av representantar frå  landbruksetaten i kommunen, Vestskog, Bondelaga og Bonde- og småbrukarlaga.

- Det var eit utrulig triveleg møte med engasjerte bønder. Det var faktisk so god steming og fart i praten at det ikkje gjekk opp for oss kva klokka var blitt, så eg forlot møte først rundt 22.30, ler Agjeld.

 

Deltakarar på årsmøte.