2020 vart ikkje som planlagt, heller ikkje for Norddalsfjorden Bondelag,  og noko av den planlagte aktiviteten mpåtte avlysast grunna koronasituasjonen 

Landbruksplasten fekk dei samla inn og frakta til mottaket i Førde.   Bondelaget i Norddalsfjord er elles opptekne av konkrete matnyttige saker for bonden som regelverk i båsfjøs frå  2024 og investeringsverkemiddel for utbygging.   Dei er også opptekne av hjorteforvaltninga og meiner hjortestammen er for stor.   Dei er nøgde med at Sogn og Fjordane Bondelag set fokus på problematikken og er synlege på standpunktet om at hjortestammen må reduserast.  

Leiar i Norddalsfjorden Bondelag Stig Asle Midtbø t.h.  Møtet vart gjennomført i Idrettshuset i Norddalsfjorden.

Stig Asle Midtbø held fram som leiar.  Med seg i styret har han: Per Inge Midtbø, Magnus Sundal., Knut Sølheim  og Magne Eikevik.  Leiar i valnemnda er Magnar Norddal.