Leiar Kristen Grov ynskte velkomen, og deretter var Nina Engelbrektson vald som møteleiar. Vanlege årsmøtesaker og val vart gjort unna før matservering.  Det vart servert nydelege karbonadesmørbrød og rundstykker.    Smittevernet var tatt skikkeleg på alvor med ein person på kvart bord, sprit til alle, og påmelding slik at hotellet fekk ei detaljert liste over alle. 

Det var ein engsjert gjeng som møttest på Gloppen hotell, og litt av sakene som var opp til drøfting både under open post i sakslista og under innlegget til fylkeslaget sin representant Gry Ingvild Agjeld følgjer under:

  • Det vart spelt inn at det er ønskje om eit debattforum for bygdeutvikling, matberedskap, utvikling av bygdene inkludert landbruket på lokalt nivå.  Føler at dette er lite løfta i sentrale organisajonar inkludert Norges Bondelag og dei politiske partia.
  • Det er spesielt at vegutbygging er viktigare enn matproduksjon, at samferdsle er er sammfunnskritisk funksjon som gjer at det er greit å bygge ned matjord, som td. E39-utbygginga i Gloppen og Sunnfjord.
  • Bygdekvinnelaget ønskjer å invitere bondelaget med på stølsdag, og styret i Gloppen bondelag oppfordra dei til å koma med ein invitasjon til styret og er positive til eit slikt samarbeid.
  • Stor semje om at feilmerkingssakene med norsk mat merka som importert og motsett må ta slutt. Kan vi ikkje lengre stole på Nyt Norge?  Provoserande og skuffande at Matmerk seier dei forventer meir feilmerking framover.
  • Det er og ei sterk kjensle av at det er større avstand mellom styret i Norges Bondelag og lokallaga. Det er så langt opp og vi føler vi blir ikkje høyrte, seier leiar Kristen Grov. 
  • Det vart og tatt opp at nokon tykkjer det er vanskeleg med nytt KSL-system. Er det blitt for omfattande? Dokumentasjonskravet er stort. 
  • Bra at fylkestillitsvalde er med og løfter kanaliseringsdebatten. Dette er viktig for bøndene i Gloppen. 

Engasjerte deltakarar på årsmøtet i Gloppen.  Til saman 18 deltok.  Leiar Kristen Grov er nr 2 f.h.

 

Styret 2020/2021

Leiar : Kristen Grov

Styremedlem: Nina Engelbrektson, Erlend Hamre, Hans Arne Lundestad, Ole Jens Grov, Øystein Fjellestad

Vara: Jan-Atle Rauset, Aage Føleide, Marit Elisabeth Larsen