Sponheim la vekt på at det å slå saman dei to fylkeslaga var ei riktig og viktig avgjerd. Både fylkesmannen, fylkeskommunen og stadig fleire andre organisasjonar har fått det nye fylket som ramme for arbeidet sitt. Det vil difor vere ein styrke for dei to fylkeslaga å stå saman som eit større og sterkare fylkeslag.

I Vestland har vi ein bruksstruktur, topografi og eit klima som skil oss frå andre delar av landet og kan gjere det krevjande å drive landbruk, sa Sponheim. Dei to fylkeslaga har ulike kvalitetar som kan gi gode synergiar. Eit samla Vestland Bondelag vil også stå sterkare i jordbruksforhandlingane. 

Lars Sponheim gratulerte med dagen