Ca 350 m2 av fjøstaket har blitt dekka med solcellepanel, og venta årleg energiproduksjon var ca 35 000 kwh. Planen var at anlegget i sommarmånadane skulle produsere nok energi til å dekke behovet til fjøsen, gartneriet og ysteriet på skulen. Korleis har dette gått?

- So langt går alt etter planen og det fungerar akkurat som det skal, seier driftsteknikar ved Sogn Jord- og hagebruksskule, Morten Petterson. - Anlegget leverar nok energi til å dekke fjøsen, gartneriet og ysteriet i sommarhalvåret, og faktisk leverar det meir enn me hadde rekna med. I vintermånadane blir produksjoenn for lite til å dekke forbruket, men det var me klare over på førehand. Det kjekke er at det leverar over forventing i sommarhalvåret, fortel Petterson. 

Anlegget er førespegla å tene seg innatt i løpet av ein periode på 20 år, basert på berekningar av produksjon og straumprisar då anlegget vart montert. - Me skal ha ein eitt-års befaring på anlegget til hausten, og då får me meir konkrete svar og kan gjere meir konkrete utrekningar på produksjon og inntening, seier Petterson. Leverandøren av anlegget gir ein produktgaranti på 10 år og ein ytelsesgaranti på 80 % i 25 år.

Då dette er eit offentleg bygg, kan alle få tilgang til å sjå kor mykje straum anlegget produserar. Klikk HER for å sjå kor mykje anlegget produserar per dag, månad, år.