Eit naudsynt krav
I dag la bondeorganisasjonane fram sitt krav til jordbruksforhandlingane. Kravet har ei økonomisk ramme på to milliardar kroner.
-Kravet vil gje ei inntektsutvikling på 27.500 kroner per årsverk i snitt.
Det fortel Jan Erik Fløtre, leirar i Vestland Bondelag.
-I ei verd med aukande uro er det viktig at Noreg sikre eiga matforsyning. Aktive bønder er heilt avgjerande for å lukkast med dette.
Beredskap
-I Noreg produserer vi kvalitetsmat, med god dyrevelferd og høge standardar. Vi har eit politisk mål om å auke sjølvforsyninga til 50 %. Kravet bidreg til at vi kan nå dette målet.
Korleis skal ein oppnå det?
-Auka sjølvforsyning skal oppnåast gjennom høgast mogeleg andel norsk fôr til husdyra våre, auke kornproduksjonen (spesielt matkorn), styrke satsinga på grønt og poteter.
Løfte dei som ligg lågast
Gjennom innspelsrunden til årets jordbruksforhandlingar vart sau og ammeku løfta fram av lokallaga i Vestland.
-Det er bra at sau og ammeku er prioritert i årets krav, då desse produksjonane ligg lågast.
Kva syns du om kravet?
-Det er eit nøkternt og nødvendig krav. Eg syns det er mykje positivt. Spesielt vil eg trekke fram fokuset på den aktive bonden som skal styrkast, og at ein prioriterer produksjon og kvalitet.
Staten sitt tilbod er venta 7. mai.
Jordbruksforhandlingane skal vere avslutta 16. mai.