Hadde eg blitt spurt førre veke kven av Arne Lofthus og meg sjølv som fyrst ville bli omtalt i avisa som eit gufs frå fortida er eg ikkje sikker på om eg ville satsa pengane på meg sjølv. I eit møte i landbrukspartnarskapen skal eg ha uttrykt at Bondelaget synest det er positivt med ei utvikling mot større bruk og dårlegare arealutnytting. Dette stemmer ikkje. Heldigvis, og dessverre, baserer innlegget til Arne Lofthus seg på det som vonaleg er misforståingar.

Det eg uttalte meg om var ikkje kva utvikling eg ynskjer meg, men kva som er konsekvensen for mjølkeproduksjonen i fylket vårt om me ikkje får betre føresetnader for dei mindre bruka slik at dei kan investere i bruka sine og oppfylle lausdriftskravet utan å auke produksjonen monaleg. Skal vi få det til må vi bruke tida på politisk arbeid, ikkje på innbyrdes krangling. Og vi må skjøna når vi er i politiske møte og når vi ikkje er det. Det ser nemleg ut som at Arne Lofthus og småbrukarlaget ikkje har skjønt kva fora landbrukspartnarskapen er og kva vi kan og ikkje kan gjere i møta.

Vestland fylke har sett seg politiske mål for utviklinga av næringa vår. Desse måla får vi vere med å forme gjennom innspel og diskusjonar med politikarane. Arne Lofthus var sjølv med på møte med hovudutval for Næring- Naturressursar og Innovasjon 2. desember i fjor der vi saman presenterte jordbruket i Vestland for dei nye fylkespolitikarane. Saman sendte vi og innspel til fylkespolitikarane som dei nytta i sitt innspel til jordbruksforhandlingane, eit innspel som var sterkt prega av våre felles tankar for jordbruket i Vestland. Dei politiske måla for vestlandsjordbruket vert nytta i utforming av planverk og bruken av pengar fylkeskommunen rår over men dei er ikkje førande for bruken av investeringsmidlane løyvd i jordbruksavtalen.

Den regionale partnerskapen er eit  fora samansett av faglaga i landbruket (bondelaget og småbrukarlaget), representantar for fylkeskommunen, fylkesmannen og Innovasjon Norge. Ei av oppgåvene er å prioritere bruken av IBU-midlane mellom dei ulike produksjonane. Dette inneber å priotere kor mykje av potten som skal gå til fruktplantingar, gjødsellager, gardsbakeri, Inn på Tunet-satsingar, sau og mjølkefjøs. Detaljane for bruken er fastsett i jordbruksavtalen og Innovasjon Norge får sitt oppdragsbrev frå Landbruks og Matdepartementet.

 Innovasjon Norge ser til prioriteringar og råd frå partnarskapen når dei løyver men det er oppdragsbrevet som er styrande. Det sit ikkje politikarar i partnarskapen. Den politisk valde representanten småbrukarlaget omtaler finnest ikkje og det er ikkje eit fora for utvikling av politikk slik det ser ut til at småbrukarlaget trur. Møtet har rett og slett ikkje mandat til å endre føringane for bruken av midlane, uansett kor mykje vi skulle ønske det. Men det er eit nyttig fora for diskusjon. Me argumenterer for kvifor me ønsker å bruka pengane som me gjer og me har nyttige diskusjonar som vonaleg kjem bøndene våre til gode. Og me diskuterer kva me trur, håper og fryktar kjem til å skje. Når me sit saman i eit slikt fora med tilsette i forvaltinga er det viktig at alle føler seg fri til å vere med i diskusjonen.

Det er eit nokså hårreisande brot på god møteskikk å gå ut med referat frå ordskifte i eit lukka fora, spesielt når ein sjølv ikkje ein gong var med i møtet. Referatet Arne Lofthus syner til er eit notat fylkesleiar i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag Leif Grutle har sendt rundt til styret sitt for å informere om kva som skjedde i sist møte i partnarskapen. Eg og informerer styret mitt om kva som vert diskutert men det føreligg ikkje noko offisielt referat frå ordskiftet i møta i partnarskapen og det er heilt utenkeleg at nokon frå Bondelaget ville gå ut med sitat av kva td representanten frå Innovasjon Norge sa i møtet slik småbrukarlaget gjer. Spørsmålet no er om partnarskapen vil vere eit mindre nyttig fora for landbruket i Vestland i framtida. Eg registerer ihvertfall at møteinnkallinga for neste møte innheld ei presisering av rammene for møtet og oppdraget for partnarskapen.

Det er og skuffande å sjå at både fylkeslaget og sentralleddet til småbrukarlaget deler teksten til Lofthus i sosiale medier og slik tydelegvis stiller seg bak måten å bruke informasjon frå eit referat av eit møte der skribenten sjølv ikkje ein gong var med til å koke ei tynn suppe av dårleg fundert kritikk. Er det verdt det for eit par ekstra medlemer? 

 Ellers i innlegget sitt løfter Arne Lofthus fram mange gode mål for landbruket som både Bondelaget og meg sjølv er einige i og vil arbeide for i rette fora. Vi oppnår meir gjennom samarbeid enn intern krangling. Det er ei ære å få vere ein av fylkesleiarane i Norges Bondelag, organisasjonen eit stort fleirtal av norske bønder i alle landsdeler og bruksstorleiker vel å vere medlem i og kjenner seg best representert av. Organisasjon vår har mange flinke tillitsvalgte som gjer av tida si i arbeid for bøndene og Hordaland viser godt igjen i organisasjonen. Vi er stolte som får gjere ein innsats ei tid, og så slepp vi til nye folk som gjer ting på sin måte. Vert ein sitjande for lenge risikerer ein nemleg før eller seinare å verte oppfatta som eit gufs frå fortida.

 

Peder Nernæs

Leiar, Hordaland Bondelag