GOD STEMNING I VÅRSOLA: Praten sat laust då Vik Bondelag inviterte politikarar, og nye bønder på besøk på Vange i Vik kommune. 

 

- Me inviterte formanskapet i Vik og nye bønder med følge, for å prate om landbruket i kommunen. Alle takka ja til invitasjonen, fortel Turid Haga Vange. 

Ho er leiar i Vik Bondelag, og seier besøket var ein del av Norges Bondelag sin nasjonale vårkampanje. Bondelaget arrangerer årleg vårkampanje, der målet er å fremja kunnskap og forståing for norsk matproduksjon. I år var kampanjen retta mot politikarane. 

- For kort tid sidan  hadde kommunestyret besøk av Lars Sponheim, og han snakka varmt om satsinga på landbruk i Vik på 70-talet. Me ville vise politikarane at det er satsing også i dag. 

 

God servering

NAM: Det vart laga gode sveler på låven. 
 

- Landbruket er ei viktig næring i Vik, seier Vange. 

Ettermiddagskaffien fann stad utanfor låven hennas. Sidan sola skein sat dei ute ved låveveggen. Inne i låven vart det steikt sveler til dei frammøtte.

- I svelene brukte med mykje egg, og kuturmjøk. I tillegg vart det servert både kaffi, og råsaft av bringebær som ein i styre vårt laga. 

 

Gode tilbakemeldingar

GODE DISKUSJONAR: Eit tema som vart diskutert var kor viktig landbrukskontoret i kommunen er.

 

- Fleire av politikarane, mellom anna ordføraren, tok ordet og takka oss for ei fin stund. 

Vange fortel at laget vart oppoda om å arrangere fleire slike treffpunkt, og at dei måtte halde fram med å vera aktive i Bondelaget. 

- Me takka dei for at dei kom. Med seg heim fekk dei eit bærenett med gamalost, gudbrandsdalsost, eit lokalprodusert fenalår frå Vikja, brosjyre om norsk mat og ei utgåve av ren mat magasinet. 

Rundt 20 personar var samla denne dagen, og for leiaren i Vik Bondelag var det ei god oppleving. 

- Det var ei koseleg stund, avsluttar Vange.