- Skal det norske jordbruket vere levedyktig over heile landet og vere rusta for framtida må inntektene i jordbruket styrkast, sa Nordhus innleiingsvis med stort alvor. 

Ho held vidare fram med denne bodskapen i dagens innlegg i generaldebatten i Norges Bondelag sitt årsmøte: - Me treng eit sterkt tollvern. Tydelege handelsavtalar som beskytte norske interesser. Ei sterk lov om god handelsskikk i daglegvaremarkedet.  Marknaden kan forringe målsettingane om eit landbruk i heile landet, medan sterkare politikk kan styrke matproduksjon i heile landet.    

Over tid blir det vanskeleg å vere bonde utan at vi løftar prisen på produkta vi produserer. 

Inntektene i Norsk landbruk kan og styrkast ved å senke kostnadane.  Når staten er oppteken av konkurransekrafta i norsk matproduksjon, so bør dei også vere opptekne av å senka kostnadane.  Å ta vekk dei konkurransefremmande verkemidlane i prisutjamningsordninga for mjølk, vesentleg styrking av investeringsverkemidlane (IBU) vil medverke til å senke kostnadane, saman med ei radikal omlegging av leige og kjøp av mjølkekvote.   Me treng sterke distriktsverkemiddel som drar oss i rett retning.  Meir investeringsmidlar må til, spesielt på storfe fram mot 2034.  

Den sjølveigande bonden og familiejordbruket skal hegnast om. Bonden er sjølvstendig næringsdrivande, men bonden kan ikkje setje opp timeprisen og kan heller ikkje jobbe litt overtid for å tene meir peng i eiga bedrift.   Bonden er bunden på pris. Bunden på areal. Og bonden jobbar allereie overtid, sa ei tydleg Marianne Nordhus.

Mattryggleik og matvareberedskap er eit felles gode for alle innbyggarane.  Bøndene jobbar godt og hardt for å levere på dette samfunnsoppdraget, med å produsere norsk trygg mat. Det er eit av våre største konkuransefortrinn. Det kan ikkje takast for gitt.

Bønder har vilje, og me har framtidstru, MEN me må få rammer å jobbe innanfor som gjev økonomi, som er føreseieleg og skapar tryggleik for varer som skal leverast og driftsmidlar som skal kjøpast.  Når politikken legg til rette med føreseielege gode ordningar som sikrar dyrka jord i heile landet og gjev bonden inntektsutvikling som tettar gapet til andre yrkesgrupper, så leverer me.

Det er langt meir verdifullt for Norge med 5 bønder i ei bygd, enn ein veldig stor.  Det er tryggleik i kvardagen, det gjev lys i fem hus, og det gjev yrkesbrør nokon å snakke med. Det gjev fem familiar høve til å bidra i lokalsamfunnet.  Ein god og sterk landbrukspolitikk ER distriktspolitikk i praksis.  

Marianne Nordhus gjer seg klar på talarstolen på Voss.