Etter at ulven har gjort skade på sau og lam i 3 beitesesongar med fleire hundre liv på samvitet, er det er i lette psykisk for alle som nyttar utmarka til beite, at ulven vart felt i går. - No håpar eg framtidstrua og småfehaldet får eit løft i dette område, held Hovland fram

- Det er også ei lette for alle som har lagt ned ein stor innsats kvar på sin plass for å få ulven felt, held Hovland fram.  Ulven har vore i beiteprioritert område langt frå ulvesona i fleire år.  Denne einslege ulven har påført mange husdyr lidingar og den har prega tankane og livet til menneske i mange lokalsamfunn sidan sommaren 2018.  Den har skapt frustrasjon, gått ut over nattesøvnen, gjeve tårer og sinne.   For personar på utsida, som ikkje står midt opp i utfordringa, er dette vanskeleg å forstå, og det kan vere for lett å kome med lettvindte kommentarar.   

Her kan du lese artikkel frå beitetilsyn i ulveland sommaren 2020

Stor takk

Mange vil nok seie at det har teke altfor lang tid å få ulven felt, og det er vi i Bondelaget samde i.  Samstundes syner denne ulven kor vanskeleg det er når ulv kjem til nye område i landet.  Ulven har vore tøffast å handtere for dei som er beitebrukarar, men han har også sett jegerar, grunneigarar, rovviltnemnda, Statsforvaltaren, Miljødirektoratet og departementet på prøve.  Uallige timar har vore nytta til brevskriving, telefonar, paragrafar, møte, organisering, jegertimar og til sist så måtte også dei mest profesjonelle jegerane på rovvilt i Norge nytte meir tid enn vanleg for å få ulven felt.  - Vi i Vestland Bondelag vil rette ei stor takk til alle som kvar på sitt vis har lagt ned ein innsats som tidvis har vore ekstrem, seier Hovland.  - Ei stor takk til alle dei som aldri mista fokuset på at det viktigaste for beitebrukaren er å få ulven felt.  

Norsk rovviltpolitikk har store menneskelege og økonomiske kostnader

Det er eit tankekors å sjå kor mykje norsk rovviltpolitikk og ein einsleg ulv kostar for små lokalsamfunn lengst vest i Norge. Aust i Norge langs svenskegrensa er dei menneskelege kostnadene og historiene enorme med nedlagt matproduksjon som resultat.  Vi treng politikarar som verkeleg forstår kva dette handlar om.  Det er ikkje berre ein ulv.  Det handlar om livskvalitet, levebrød og kvardagsglede. 

No kan bøndene i Ytre Sogn ta kvardagen og gleda ved småfehaldet attende.  Det er det mange matprodusentar i store deler av Norge som ikkje kan.  Dei må ta den enorme kostnaden det er å ha rovvilt i utmarka i Norge i den storleik som Storitnget har vedteke.  Når forvaltninga i tillegg ikkje klarar å gjennomføre tiltak som gjer at bestandane for dei ulike rovviltartane er på det nivået Stortinget har bestemt, men ligg skyhøgt over så er det totalt uakseptabelt ! 

- Vi i Vestland Bondelag forventar faktisk at Stortinget sine medlemer instruerer forvaltnininga i å få bestandane ned på bestandsmåla, seier ein svært tydeleg og engasjert Ole Bjarne Hovland !   Vi forventar at rovviltnemndene med sine innspel vert tekne på alvor.   Difor støttar vi opp om den tillyste aksjonen på førstkomande tysdag med bålbrenning.

Her kan du lese om korleis det er å vere sauebonde i randsona til ulvesona