Ei eigedomsoverdraging og eventuelt etterfølgjande pensjonering byr på store og små utfordringar både juridisk, skattemessig og personleg. Ein skal følgje lovverket samtidig som eige liv og gardens framtidige liv etter overdraginga skal planleggjast for ei best mogleg løysing for alle partar. 

Det er advokat Jan Bangen frå Norges Bondelag som vil stå for det faglege innhaldet denne dagen. 

Påmelding her.

Programmet:

Erfaring frå tidlegare kurs viser at deltakarar der fleire frå familien kjem saman opplever større utbytte av kurset. Vi oppmodar difor til at begge generasjonane deltek, gjerne med partnarar og søsken.  Det er rabattert pris for deltakar nr 2, 3, osv. per familie. I tillegg får medlemmar* i Norges Bondelag ein fordel.

Prisar

Første pr familie – medlem Norges Bondelag                                      kr 1000

Neste i same familie – medlem Norges Bondelag                                kr 500

Første pr familie – IKKJE medlem Norges Bondelag                          kr 1500

Neste i same familie – IKKJE medlem Norges Bondelag                   kr 1000

 

Ved spørsmål ta kontakt med Birgitte Bjaanes på tlf.: 41 56 57 58 eller birgitte.bjaanes@bondelaget.no