Ein frisk gjeng politikarar og bønder møttes på Hødnavollen i Mørkridsdalen i Luster på laurdag 21.august, midt i den mest hektiske valkamptida. På programmet stod det tur i Mørkridsdalen med dialog og fokus på bruk av utmarksressursar og rovvilt. 

Mørkridsdalen har lang historie når det gjeld beitedyr, og undervegs fekk me sjå fleire spor etter korleis ein nytta seg av ressursane i tidlegare tider, både i form av fleire hundre år gamle almar som var blitt nytta som styvingstre, buføringsvegar og løypestreng. - Den dagen løypestrengen kom til Mørkridsdalen letta det arbeidsmengda betrakteleg for bonden, kunne Kjell Einar Ormberg fortelje. Han er sjølv bonde i Mørkridsdalen og nyttar dei store utmarksbeita i dalen til sauene sine. Langs stien kunne me sjå løypestrengar som gjekk frå høgt oppe i lia på motsatt side av dalføret. - Bøndene slo gras, lauva og risa skogen som låg høgt oppe og utilgjengelege med hest. Før løypestrengen kom måtte dei bære det på ryggen nedatt, så løypestrengen gjorde arbeidet vesentleg lettare, fortel Ormberg. 

Almeskogen var viktig både for folk og fe. Blada var næringsrike og gode for dyra, og borken vart i si tid brukt i borkebrød.

Utmarka har vore viktig for bøndene i området, og er framleis ein sentral del av driftsgrunnlaget for mange.  - Her er det små lappar med innmarksbeite, og for å ha tilstrekkeleg driftsgrunnlag nyttar mange utmarka til beite. So snart dyra er store nok er dei ute i utmarka. Her kan ein ikkje dyrke korn, grønsaker, bønner eller anna, men plantene som veks her er næringsrikt og godt for dyra, og på den måten kan ein likevel nytte området til matproduksjon. Store utmarksbeiter gir òg lite smittepress og lite medisinbruk, Dette er sunn og berekraftig matproduksjon på sitt beste, seier leiar i Luster Bondelag, Andreas Wiese. Han har sjølv stølsområde og beitedyr i Mørkridsdalen, både geiter og ammekyr. Tidlegare hadde han sau men grunna aukande problem med rovvilt har han no gått over til ammekyr.  

For rovvilt har blitt eit gjentakande problem i Indre Sogn. Området er beiteprioritert område, men det grensar mot område med ynglingar av jerv. Ikkje langt frå der me sat og åt lunsj har jerven i fleire år gjort herjingar i blant beitedyra. Også denne sesongen er det registrert dyr tatt av jerv, men nøyaktig kor store skadene vert veit ein ikkje før beitesesongen er over. Ole Bjarne Hovland var tydeleg i si oppfordring til politikarane. - Dette området skal vere beiteprioritert område, og då kan me ikkje ha det slik! Det er ei enorm belastning for bonden å komme inn og finne dyra sine sundrivne. Rovviltforliket må følgjast betre opp, seier han, og kom med tre viktige punkt til politikarane: 

1. Forvaltingssonene med roviltprioritert og beiteprioriterte områder må vere som dei er, sonene må ikkje slåast i hope til å bli større og færre, for då misser ein den lokale forrankringa som rovviltnemndene har. 

2. Bestanden av rovvilt må haldast på det som er bestandsmål. Til dømes er målet for jerven å ha 39 ynglingar i året, men dei siste tre åra har det vore over 60 ynglingar kvart år. Dermed vil belastninga og kofliktnivået auke i takt med at jervebestanden kjem langt over det som er målet

3. Jobbe for å få bestanden av jerv ned mot 39 ynglingar gjennom å starte lisensjakta 20.august (samstundes med reinsjakta), tillate bruk av motorisert framkomstmiddel og gjerne sjå på skotpremie. Bruke statlege uttak på det ein ikkje klarer å ta ut på lisensjakta. 

Politikarane som deltok på temadagen var Sigbjørn Leirdal (Raudt), Beate Bondevik Lie (KRF), Siri Sandvik (AP), Kjetil Melheim (V) og Aleksander Øren Heen (SP). 

På Knivabakkgjerdet vart det lunsjpause på den flotte slåttemarka som Ormberg gjennom dei siste ti åra har restaurert. Fleire raudlista artar er avhengige av at det gamle kulturlandskapet vert halde vedlike, og gjennom arbeidet sitt har han klart å få fram fleire av dei raudlista artane som om lag var vekke frå området. 

Gry Ingvild tok politikarane gjennom Landbruksløftet.

Gry Ingvild Agjeld og Ole Bjarne Hovland frå styret i Vestland Bondelag var godt fornøgde med ein flott dag i Mørkridsdalen.